![]() |
![]() |
|
Hjelp oss å nå 600 støttespelarar Av Idrettslaget Alvidra
, 01.12.11 IL Alvidra har kapra 36 nye i 2011 og nærmar seg no 550 støttespelarar. Dermed blir ca. kr 160.000 overført til Alvidra-fondet for fleirsbrukshall i Alversund dette året. Målet er å nå 600 som sponsar oss i løpet av 2012. Framleis er mange utan Grasrot-lag på kortet sitt. Hjelp oss å finna dei og anbefal Alvidra! Vårt organisasjonsnummer er 975560619. Det legg kommisjonæren enkelt inn på kortet berre ein gong. Driv gjerne PR på jobb og eventuelt på Facebook. Les meir på grasrotandelen.no Og tusen takk til alle som alt har Alvidra som sitt favorittlag. Ved utgangen av november 2011 har det gitt oss til saman ca. 420.000 «gratis» og viktige kroner frå oppstarten av ordninga i 2009.
|
|